Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Peter 5

:
Norwegian - NO1938N
1 Dei eldste millom dykk legg eg hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som eg hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:
2 Gjet den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvmint, ikkje for ei skamleg vinning, men med viljugt hjarta,
3 ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydane, men so at de vert fyredøme for hjordi;
4 og når yverhyrdingen openberrast, skal de den uvisnelege ærekransen.
5 Like ein skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de iklæda dykk audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6 So audmyk dykk under Guds veldige hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!
7 Kast all dykkar sut han; for han hev umsut for dykk!
8 Ver edrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;
9 Statt han imot, trauste i trui, sidan de veit at de same lidingar er lagde brørne dykkar i verdi!
10 Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus, etter ei stuttvarig liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.
11 Honom høyrer makti til i all æva. Amen.
12 Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg at han er - hev eg skrivi stutt til dykk for å påminna og vitna at dette er Guds sanne nåde som de stend i.
13 Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.
14 Helsa kvarandre med eit kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!